Stårheim Barnehage

Logg inn for å se alt innhold
Ansatte
  • Vil du jobbe i barnehagen?

    20/02/2012

      Stårheim barnhage treng tilkallingsvikarar.  Du må vere fylt 18 år. Kan du tenke deg å vere vikar? Eller kjenner du nokon som kan tenke seg dette?  Ta kontakt med barnehagen, på tlf 57 86 26 20. Torill Vingen, styrar.

  • Informasjon februar og mars 2012

    10/02/2012

    Tysdag 21.februar:

    Feitetysdag. Vi lagar rømegraut.

    Fredag 2.3:

    Vert det karneval.

    Tysdag 20.mars:

     Denne dagen markerer vi Barnehagedagen 2011. Slagord er ”Det beste til dei minste”

    - Det står også ein  skidag  på planen; dersom snøen kjem…

    Nytt frå samarbeidsutvalet: Det har vore møte i barnehagen sitt samarbeidsutval, der m.a resultat av spørjeundersøkinga var drøfta. Undersøkinga viser stort fleirtal for ei opningstid frå 07.00 – 16.45.

    Som følgje av dette vert opningstida i Stårheim barnehage endra til

    07.00 -16.45 frå 27.februar.

     Vi i barnehagen vil også gjere merksam på vi ønskjer å vere til hjelp dersom det innimellom oppstår behov som er utanom opningstida. Vi ber om at de som har slike behov, melder frå om  dette til oss i god tid; helst ei veke før!

    ENDRING AV BARNEHAGEPLASSEN:

    • Sjå oppslag på dørene. Frist for å søkje endring av barnehageplassen frå 15.08.2012 er sett til 1. mars. Det skal søkjast elektronisk.

    Vi minner også om at som følgje av kommunestyrevedtak, er barnehagen stengt i dagane før påske, (2.,3. og 4.april), og at barnehagen er stengt fredag 18.mai, pga planleggingsdag for personalet.

     

     

  • Dette skjer i barnehagen.

    24/01/2012

     

    KAFE: 26. januar avsluttar vi FORUTprosjektet. Det vert salgsbod av varer frå u land. Vi sel kaffi/te/juice, riskaker, sveler og pølse med brød. Dette vert på ettermiddagen i tidsperioden 14.30 -16.15. Vi håpar at de kan sette av litt tid denne ettermiddagen.  

     31. januar vert det klatretur med ei gruppe av dei eldste barna. Det vert ein tur til den 23.mars.

     21. februar markerer vi feitetysdag.

    Opplegg for satsingsområde for våren 2012 er klart: MUSIKK i barnehagen. Elena Molodozhentseva skal ha musikkgrupper her i barnehagen på onsdagar og fredagar i perioden veke 6 -11. Vi ser fram til dette, og trur det vil bli kjekt for både store og små.

  • Kommunestyrevedtak: Nye opningstider i barnehagane

    23/12/2011

     

    Vi gjer merksam på at kommunestyret har vedteke at barnehagane skal stenge kl 16.30 frå 2012.

    Opningstida i Stårheim barnehage vert då 06.45 -16.30. Dette vert gjeldane frå 1.januar 2012.

    Dette er kort varsel, og i ein overgangsperiode, vil vi i barnehagen vere behjelpelege dersom dette fører til store problem for dykk som foreldre. Så håpar vi at dette går seg til utover i januar.

    Kommunestyret har også vedteke at barnehagen er stengt i påskeveka og i romjula 2012.

    Det heng oppslag på avdelingane om dette.

     

  • Romjula 2011

    22/12/2011

    Opningstider:

    Tysdag 27. og onsdag 28.desember: kl 07.00-16.00

    Torsdag 29.desember: kl 08.00 -16.05

    Fredag 30.desember: kl 07.00 -16.05

    Måndag 2.januar er barnehagen stengt pga planleggingsdag!

    Vi ønskjer alle ei riktig god jul!

  • FØRJULSTID i Stårheim barnehage 2011

    05/12/2011

     I desember har kvar avdeling daglege adventsstunder, der vi tenner lys, snakkar om jula/juletradisjonar, og opnar kalender. Kalenderen vår består av gåver til barnehagen. Kvar dag blir eit barn trekt ut, og får opne ein pakke til barnehagen.

    Onsdag 07.12: Fløytekonsert med Miriam Leivdal og Elena.

    Torsdag 8.12: Juleverkstad på begge avdelingane. Vi deler barnegruppa inn etter alder, slik at alle over 3 år,  får lage noko dei meistrar.

    Måndag 12.12: Vi bakar lussekattar.

    Tysdag 13.12: Lucia-feiring. Vi går i nabolaget, avdelingsvis med nokre av barna. Dei treng då ei kvit skjorte som dei kan gå med. Husk å merke med namn. Det kjem info på avdelingane om kven dette gjeld.

    Fredag 16.12: Grautfest i barnehagen. Dei som ikkje har dag er velkomne med følgje frå kl. 10-12. Vi kosar oss med nissegraut, og kanskje kjem julenissen på besøk?

    Måndag 19.12: Førjulsgudsteneste i Stårheim kyrkje kl. 9.30. Vi går med 06, 07 og nokre av 08 modellane. Alle må då vere komn, eller leverast i kyrkja. Gje beskjed til barnehagen dersom de vil levere der ute, slik at vi ikkje blir ståande å vente på barn som ikkje kjem. Dei som ikkje har dag er velkomne med følgjee til barnehagen og klare til å gå seinast kl. 8.45. Dersom du ikkje ønskjer at barnet ditt skal vere med, så gje barnehagen beskjed om dette.

    Torsdag 22.12: Avdelingane har fellessamling, med dramatisering og julesongar.

     

    Ein ettermiddag i desember vert det servering av gløgg ved henting av barna!

     

  • Besøk av 1.klasse elevar.

    18/10/2011

    Onsdag 19.oktober, mellom ca. 11.00 og 14.00,  ønskjer vi velkomen til gjensyn med barn som gjekk her i fjor, og som no er 1.klassingar. .

     

  • Besøk av rikskonsertane

    18/10/2011

    Onsdag 26.oktober kl 13 vert det konsert i barnehagen!

    Barn som ikkje har dag er velkomne i konserttida (ca 45 min?).  Barn under 3år må vere i følgje med ein vaksen.

  • FORELDREMØTE

    13/09/2011

    Vi ønskjer velkomne til foreldremøte i barnehagen tysdag 20.september kl 19.30.

  • Planleggingsdag

    19/09/2011

    Ei lita påminning:

    Måndag 10.oktober er det planleggingsdag.

    Barnehagen er stengt denne dagen.

  • Velkomen til nytt barnehageår 2011-2012!

    19/08/2011

    Både "nye" og "gamle"  barn og foreldre er velkomne til barnehagen.

    Starten av barnehageåret brukar vi til å bli kjende med kvarandre.

    ....Og om litt skal vi på Sethaugtur med dei eldste barna.

     

  • Juni og Juli 2011

    14/06/2011

    Litt om aktivitetar framover:

    • Fjelldag i veke 25 dersom veret er brukande. Fannstøylen for 05 og 06 modellane.
    • Avslutningstur for dei eldste vert tysdag 14.6. Vi reiser til Evas Ridesenter.
    • Barnehagen held ope heile sommaren, men talet på barn varierer. Det vert noko  redusert opningstid i veke 29. Måndag og onsdag: 7.30 -16.30. Tysdag, torsdag og fredag frå 7.00 -16.45.
    • No går 9 barn over i skulen. Vi vil takke for ei kjempefin tid her i barnehagen, og ønskje dei lykke til på skulen!!! J
    • Minner om at barnehagen er stengd måndag 15.august og tysdag  16.august pga.planleggingsdag.  
    • God sommar til alle store og små!

  • APRIL 2011

    15/04/2011

    Vi ønskjer alle ei GOD PÅSKE!

     

    Torsdag 14.april:  

    Påskefrokost for barn, foreldre og søsken.  Frukosten står framme frå 7.30-10. Barn som ikkje har dag kan og kome med følgje.

    Fredag 4.3:

    Vert det karneval i barnehagen. Nortura, ved Dag Starheim,  har sponsa oss med grillpølser

     

    Tysdag 1.mars og måndag 21.3:

    Det vert klatretur til Mehltunet med 2005 modellane. Vi prøver å få til at dei  får 2 turar kvar.

     

    Tysdag 15.mars:

    Vi markerer barnehagedagen 2011. Her i barnehagen vert det plakatar, klistremerke og ballongar til barna.

    På kvelden skal alle barnehagane i kommunen treffast for å syne fram korleis ein har jobba med fokusområde MÅLTIDET.

     

     Fredag 8.april:

    Besøk av prest  i barnehagen.

     

  • Litt informasjon

    29/01/2011

    • Det vert foreldrekaffi 1.februar. Servering i tidsrommet 15.30 -16.30. Velkommen!
    • No framover vert det skulebesøk med skulestartarane våre.

  • Førjulstid i Stårheim barnehage 2010

    30/11/2010

    I desember har kvar avdeling daglege  adventsstunder, der vi tenner lys, snakkar om jula/juletradisjonar,  og opnar kalender. Kalenderen vår består av gåver til barnehagen. Kvar dag blir eit barn trekt ut, og får opne ein pakke til barnehagen. Kjekt med litt nye leikar!!!

     

    ·        Onsdag 24. 11: Vi har baka lefser, med god hjelp av Ingebjørg Starheim. Tusen takk til ho!

    ·        Onsdag 01.12 : Vi tenner lys i juletreet ute. Knerten bakar peparkaker.

    ·        Torsdag 02.12: Humlebolet bakar julemenn

    ·        Tysdag 07.12 : Juleverkstad på begge avdelingane. Vi  deler barnegruppa inn etter alder, slik at alle over 3 år,  får lage noko dei meistrar.

    ·        Onsdag 08.12: Vi bakar lussekattar.

    ·        Måndag 13.12:  Lucia-feiring. Vi går i nabolaget med 2005 og 2006, og nokre av 2007 modellane. Dei treng då ei kvit skjorte som dei kan gå med. Husk å merke med namn. Det kjem info på avdelingane om kven dette gjeld.

    ·        Fredag 17.12: Julegudsteneste i Stårheim kyrkje kl. 9.30. Vi går med  -05  og nokre av 06 modellane. Alle må då vere komne til barnehagen og klare til å gå seinast kl. 8.45, eller leverast i kyrkja.  Gje beskjed til barnehagen dersom de vil levere der ute, slik at vi ikkje blir ståande å vente på barn som ikkje kjem. Dei som ikkje har dag er velkomne med følgje.

    ·        Tysdag 21.12: Grautfest i barnehagen. Dei som ikkje har dag er velkomne med følgje frå kl. 10-12. Vi kosar oss med nissegraut, og kanskje kjem Julenissen på besøk? Eventuelle nissekandidatar vert mottekne med glede, det er berre å melde seg!! J

    ·        Onsdag 22.12: Avdelingane har fellessamling, med juledramatisering og julesongar

    ·        Ein ettermiddag i desember vert det servering av gløgg ved henting av barna!

    • Opningstider i romjula:

        (Det vert frå 5-9 barn, og vi er samla på ei avdeling).

     

    Julafta: Stengt

    Måndag 27.12: 7.00 - 16.00

    Tysdag 28.12:  7.00 - 16.00

    Onsdag 29.12:  9.00 - 16.00

    Torsdag 30.12: 7.00 - 16.00

    Nyttårsafta:  Stengt

     

    Måndag 03.01 2011: Planleggingsdag. Barnehagen er stengt

     

    Vil ønske alle ei fin førjulstid, ei god jul og eit godt nytt år!

     

    Julehelsing frå personalet i barnehagen!

     

     

     

     

  • Lefsebaking onsdag 24.november

    30/11/2010

    Då er julebaksten snart i gang. Tradisjonen tro, vert det lefsebaking her med hjelp av Ingebjørg Starheim.

    Barna får smake litt samme dag som vi bakar. Foreldre må vente til foreldrekaffi etter jul.

  • Litt planar framover.

    22/10/2010

    2.11: Klatretur på Mehltunet med ei gruppe av dei eldste barna.

    3.11: Besøk av Rikskonsertane. Meir info kjem på avdelingane.

    10.11: Barnehagekino på Eid. "Knerten gifter seg."

  • Planleggingsdagar

    08/10/2010

    Måndag 11. og tysdag 12.oktober er det planleggingsdagar.

    Barnehagen er stengd.

  • Nokre av planane framover hausten 2010

    03/09/2010

    Matlaging: I september haustar vi frå trea og åkeren vår, og skal etterkvart lage mat av dette.  Elles framover vert det matlaging ca to gongar i månaden.

    I veke 39: Tema brannvern

    18.10 markerer vi epledagen med mat av EPLER

    11.10 og 12.10: Planleggingsdagar for personalet. Barnehagen er stengt

    Satsingsområde før jul vert eit fagområde frå rammeplanen; TAL ROM og FORM

  • Velkommen til nytt barnehageår!

    09/08/2010

    Måndag 16. august har personalet planleggingsdag. Denne dagen legg  vi planar for det kommande barnehageåret.

    Tysdag 17.august er vi klare til å ta imot  foreldre og barn.  

  • Datoar å merke seg i tida framover

    19/03/2010

     

    5.3:    DÅ KOM DET ENDA MEIR SNØ, OG SOLA ER VEKK; dvs at skidagen er utsatt til ein finare dag.

     

    11.3: "Klatretur" til Mehltunet med nokon av dei eldste barna.

     

    BARNEHAGEDAGEN 15.3

     Det vert  FARGERIK dag i barnehagen.  Vi har for tida tema fargar, og aktivitetane denne dagen vil vere prega av det .

    Alle som ønskjer det er hjarteleg velkomne til å besøke oss i tidsrommet 08.30 - 15.30.

    Motto for barnehagedagen er " Kom inn og sjå!".

      Velkommen til både store og små,  kjente og ukjente 

     http://www.utdanningsforbundet.no/no/Seksjoner/Barnehage/Barnehagedagen-2010/

     

    19.3: Besøk av prest. Ho vil snakke litt om påska.

     

    Veke 16: Brannøvingsveke

     

     

     

  • Skulestartarane går på skulebesøk

    04/02/2010

    Tysdag 9.februar vert fyrste skulebesøket no i vår. Vi vert på skulen frå 10.00 - 11.30, og skal vere i lag med elevane som no går i 1.klasse.

    Neste gong vert tysdag 2. mars. Dei komande besøka vert avtalt då.

    Det vert nok spennande dagar for "våre" eldste.

  • passord

    05/02/2010

    Har lagt inn passord på deler av innhaldet. Foreldre skal etterkvart få dette, dersom vil vel å behalde det....

    Vi held forsatt på med litt utprøving av korleis sida skal fungere....

  • Student

    29/01/2010

    I nokre veker framover har vi  førskulelærarstudent, Silje Myklebust, i praksis ved Humlebolet avdeling. Det er kjekt for både store og små!

  • KAFE OG BUTIKK

    04/02/2010

    Tysdag 2.2 har vi avslutning på Forutprosjektet vårt. Det vert Butikk  og Kafe i barnehagen. Vi ønskjer foreldra velkomne innom i løpet av opningstida, 15.00 -16.30.

    Vi fekk inn kr 3065,-

    Tusen takk til alle som var med å støtta aksjonen

  • Aktivitetar i tida framover

    12/02/2010

     

    Skidag i Johannesbakken når det vert litt varmare i veret.

    No framover jobbar vi  også med tema fargar

  • Leiaropplæring

    03/12/2009

    Personalet i alle barnehagane i Eid og Hornindal kommune er med på felles leiaropplæring. Vi har i haust hatt ei samling for alle, og ei samling for styrarar og pedagogiske leiarar. Opplæringa vert avslutta til våren 2010.

  • Førjulstid 2009

    10/12/2009

    Onsdag 25.11: Knerten har bakedag

     Måndag 30.11: Vi pyntar juletreet ute.

    Tysdag 1.12: Lefsebaking i barnehagen

    Torsdag 3.12: Humlebolet har bakedag

    Fredag 4.12: Juleverkstad

    Tysdag 8.12: Nissefest her i barnehagen. Kanskje finnst det ein nisse der ute som vil komme til oss....

    Torsdag 10.12: Vi bakar lussekattar

    Fredag 11.12: Vi går Lucia i nabolaget

    Måndag 14.12:  SIRKUSFORESTILLINGA PÅ FJORDANE FOLKEHØGSKULE ER DESSVERRE AVLYST DET VERT KANSKJE EIN NY OVER NYTTÅR! 

    Torsdag 17.12: Julebord i barnehagen

    Fredag 18.12: Julegudsteneste i Stårheim kyrkje

    Måndag 4. januar er det planleggingsdag og barnehagen stengt.

  • Litt informasjon

    01/11/2009

        Vi minner om at ungane treng litt meir kle etter kvart (tjukk genser, sokkar, hue, vottar, ekstra klesskift). Vil også be om at de sjekkar at regnkle/dressar og støvlar er heile. 

    NB!! Tek også med påminning  om at lange skjerf eller lange snorer på kle, vil vi av sikkerhetsomsyn, ikkje ha i barnehagen.

     

     Det vert foreldresamtalar med foreldre til nye barn før jul, og etter jul med ”gamle” foreldre.  Dette er ein samtale mellom foreldre og pedagogisk leiar om m.a barnet sin trivsel i barnehagen. Foreldre som har behov for samtale utanom desse tidene kan når som helst ta kontakt med barnehagen.

     

  • Forut

    24/10/2009

    I veke 44 og 45 jobbar vi med temaopplegg frå Forut. Vi skal verte bedre kjende med OMIS frå Nepal.

    I januar skal vi ha foreldrekafe og salsbod med mykje fint. Pengane går til Forut.